Heimdal Songtext

Enslaved

von Heimdal

Heimdal Songtext
Ifrå heimen han sette i gamal tid
Mot frådande bylgjer i nord
Med augo og hjarta etne av strid
Med von om ei grøderik jord
I løynda han sigla, med volve-brud
I nordluten skulle han ferda
Ei skinande viv i måne-skrud
So skulle ljoset nå verda
Det gnog i mast, det knaka i skott
På reisa over land og flod
Dei knela djupt, både trælar og drott
Då ferdafolk i tunet stod
I myrket, sine trådar volva spann
Dei reiste hallar og hov
Med blod og tårer til sola rann
Leidangen hevda hans lov
Sæmingen stupte og skalden kvad
Om kvelden vart himmelen raud
Nidingen kua seg ned og bad
Yngve-Frøys hovding var daud
Med spjut i hand, i stamnen han stod
Ein konung av gjætord er kjend
Eit heljaga andlet so lyste av ro
I skuggjane framleis han stend