Sissel

Våren
(Edvard Grieg / Aasmund Olavsson Vinje) Enno ein Gong fekk eg Vetren å sjå for Våren å røma; Heggen med Tre som der blomar var på, eg atter såg bløma. Enno ein Gong fekk eg Isen å sjå frå Landet å fljota, Snjoen å bråna og Fossen i Å å fyssa og brjota. Graset det grøne eg enno ein Gong fekk skoda med Blomar; enno eg høyrde at Vårfuglen song mot Sol og mot Sumar. Eingong eg sjølv i den vårlege Eim, som mettar mit Auga, eingong eg der vil meg finna ein Heim og symjande lauga. Alt det, som Våren imøte meg bar og Blomen, eg plukka, Federnes Ånder eg trudde det var, som dansa og sukka. Derfor eg fann millom Bjørkar og Bar i Våren ei Gåta; derfor det Ljod i den Fløyta eg skar, meg tyktes å gråta Aus Songtexte Mania